
Fjellhaugen skisenter
Skisenteret
Fjellhaugen skisenter
Fjellhaugen skisenter ligg midt i Kvinnherad kommune, berre 20 minuttars køyretur frå Rosendal sentrum. Anlegget ligg på 500 moh. Anlegget inneheld alpinbakke, barnetrekk, akebakkar, 5 km ljosløype, kiosk og varmestove.
Parkering:
Det er parkering til omlag 250 bilar og i 2021 vart det installert straumpåle med kapasitet til 4 bubilar.
Frå Rosendal sentrum følgjer ein fv.500 sørover til Dimmelsvik. Ved Best-stasjonen er fyrste avkøyrsla mot Fjellhaugen. Ta av her og følg skiltinga oppover i fjellet
Nautavatnet
Turløyper
Fjellhaugen skisenter preparerer turløyper til Nautavatn og Fagnabotn samt rundt Reikatindane. Desse blir preparert så lenge det er tilstrekkeleg med snø. Mange brukar alpintrekket for å komme seg eit godt stykke på vegs for å gå nokre av dei populære toppturane i området t.d. turen til Ingahogg. Desse turane er populære i sommarhalvåret òg, og byr på flotte naturopplevingar. Kring sommaren 2021 kjem det opp dagsturhytte ved Nautavatn.
Foto: Ørjan Solheim
Dugnadsand
Fjellhaugen Skisenter er i stor grad drive på dugnad av eldsjeler frå lokalsamfunnet og sponsorstøtte frå lokalt næringsliv. Desse velvillige folka er sjølve livsnerva i Fjellhaugen Skisenter, og fortener all ære for at vi har eit så flott skianlegg i Kvinnherad kommune.