
Folgefonnsenteret
BRE – FJORD – VATN – KLIMA I ENDRING
Folgefonnsenteret
Inger Lise og Arild
I utstillingane kan du sjå og lære om livet i Hardangerfjorden, naturmangfald, berekraftig bruk av naturressursar og ikkje minst om klimaendringar før og no. Gjennom utstillingane håpar vi at mange vil få større interesse for dei store samanhengane på jorda, men også få kunnskap gjennom dei små historiane naturen fortel. Lær om korleis menneska har brukt naturressursane på Folgefonnhalvøya gjennom tidene, heilt sidan dei første innvandranane slo seg ned her for 9000 år sidan.
Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark
I Folgefonna nasjonalpark si del av utstillingane kan du lære meir om floraen og faunaen i nasjonalparken, og kva Folgefonna har betydd for busetnad og samfunnsutvikling på Folgefonnhalvøya. Her finn du informasjon om nasjonalparken, innfallsporter og besøksmål og innblikk i kva slags aktivitetar du kan vere med på i området rundt nasjonalparken.
Skaalurensamlinga
Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbygging. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si «Gjøa» Skaalurensamlinga er eit museum som syner verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855-1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei fartøy av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar, kuttarar og dampbåtar. Samlinga inneheld teikneutstyr, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna verktøy som høyrde til på verftet. Skipsbyggarmuseet ligg i Folgefonnsenteret, med felles inngangsbillett.
Besøk oss
Folgefonnsenteret
Skålafjæro 17
5470 Rosendal
Opningstid
12.30-15.00.
Telefonnr
+47 53 48 42 80