Den grøne fjorden
Kva er det som gjer den så irrande grøn nokre veker på førsommaren?
Emiliania huxleyi – ei lita solcelle som lagar oksygen til oss
Det du ser er Emiliania huxleyi, ein vakker liten, eincella alge, knapt ein hundredels millimeter stor, pynta med ørsmå kalkplater som spaltar ljoset i vatnet. Som andre grøne planter, treng mikroalgane ljos for å driva stoffskiftet. Dei er små solceller som fangar ljos. Når ljosmengda og temperaturen aukar, kan dei nytta seg av næringsstoffa som er frakta inn i fjorden med straumar av næringsrikt sjøvatn som renn langs kysten. Slike mikroalgar lagar ein stor del av oksygenet i atmosfæren vi treng.
Dette er vårbløminga i havet og fjorden, - det er her det byrjar! Starten på alle næringskjeder i havet, som i tur og orden blir dyreplankton, småfisk, planktonetande brisling og sild, større rovfisk, kval, sjøfugl, menneske og mange andre underlege skapningar.
Dei små planktonalgane tek så kraftig kontroll på hav og fjord at ein ser det frå satelittar i verdsrommet! Og når mengda næringsstoff minkar, forsvinn den grøne fargen, - Emiliania huxley roar ned til neste puls med næringsstoff kjem inn i fjorden.
Liten planktonalge
Javel, men ho set sitt preg på fjord og hav.
Slik ser det ut frå ein satellitt 900 km over Jorda.
Foto: Nansensenteret.
Øystein Skaala, Havforskningsinstituttet