Steinparken for små og store

Steinparken

Det er jo litt rart dette, med ein Steinpark i eit land så fullt av stein og fjell

- eller kanskje det er akkurat difor vi skulle ha ein geologisk park? Tenk på geologien med harde og mjuke bergarter, og dei geologiske prosessane som har danna landskapet vårt, med fjell, fossar, dalar for jordbruk og fjordsystem med fiskeressursar og allslags forunderlege skapningar. Slik har geologien langt på veg  lagt grunnlaget for viktige næringsvegar som jordbruk, fiskeri, maritim industri, vasskraft, metallsmelting og difor kulturhistoria vår.

Grunnlaget for Steinparken vart lagt av Vårherre, tysdag 26 november 1940, då han uventa skrudde opp temperaturen nesten 20 grader frå minus 2 til pluss 18, etter at han hadde store snømengder like ned i fjæra, for deretter å senda verdas mest regntunge lågtrykk innover Rosendal og Vestlandet, så det var like før Rosendal vart spylt ut i Hardangerfjorden. Tilbake låg ein steinørken, utan eit milligram matjord. Saman med skulptør Bård Breivik og steinhoggaren Rolf Karlsen, vart steinørkenen omskapt til ein Steinpark der forskarar og kunstnarar kunne utfalda seg fritt og fortelja historiar om fantastiske ting som har føregått på Jorda gjennom millionar år.

I Steinparken og Dinosaurhuset finn du forteljingar om Jorda og menneska si historie, om fossilar som er Jorda sine ferdsskrivarar, om dinosaurane sine etterkomarar, dei fyrste menneska ved Hardangerfjorden, den mystiske vikingskatten frå Hatteberg og mykje meir.

Når Dinosaurhuset er ope, kan du få deg ein kopp kaffi, eit glas saft, ein kanelbolle eller ein smykkestein, og ein prat med hyggjelege guidar, eller kanskje du heller vil ta ein tur for deg sjølv og høyra kva parken og bekken prøver å fortelja deg?

-Steinparkens vener

Forrige
Forrige

Ti gode grunner til å besøke Rosendal

Neste
Neste

Den grøne fjorden