Med Rosendal i hjartet
@Knut Sellevold
I 1952 flytta vi frå prestegarden i Rosendal. Heile familien lengta tilbake. I 1960bygde vi vår sumarbustad her. Somrane mine har vore i Rosendal sidan då. Tidlegfesta eg blikket på alle fjella rundt meg, Melderskin, Malmangernuten og heilefjellryggen frå Nes til Nordlifjell. Utforskertrongen og naturgleda mi vart fødd. Kvaløynte seg bak fjella? Kva ville eg sjå når eg kom opp på toppen av dei?Sidan har andre sider ved Rosendal fått plass i hjarta. Aksen mellom Kyrkja,Baroniet og Prestegarden vitnar om ei bygd med rik historie og tradisjonar.Kulturlivet blømer og inspirerer. Natur, kultur og folkeliv set meg som menneske inni den store heilskapen eg høyrer heime i. I møte med storleiken i naturen kjenner egmeg rik og audmjuk. I møte med kunsten og kulturen erfarer eg kva rikdom vimenneske kan skape.Nettopp desse kjenslene finn eg att i bileta til Lul Krag. Ho var bergtatt av Rosendalog budde der frå 1933 til 1954. Sjølv skriver ho at ho ønsker « å kunne blomstensform og farge, træets blade som gren og stamme, fjeldenes mægtige form – dyrenefuglene«. Gjennom bileta sine gav ho uttrykk for si djupe samkjensle med naturensom prega hennar religiøse tru og livsfilosofi. Det er min draum at hennar kunst skalverta kjend og tilgjengeleg for så mange som mogeleg. Då trur eg fleire vil få einplass for Rosendal i hjartet.-Knut Sellevold