Mitt ferieparadis

Mitt Rosendal er mektige fjell i storslått natur og eit mangfold av opplevingar. På Folgefonnsenteret og i Steinparken blir vi tekne med inn i ei spennande forteljing om korleis vatnet og isen har forma det unike landskapet og geologien på Folgefonnhalvøya. Med dette som kulisse, og ei mange hundre år rik historie, byr Rosendal på alt frå kunstopplevingar i verdsklasse på landets einaste Baroni, til innføring i gamle båtbyggjartradisjonar på den gamle Verven. Her var det Roald Amundsens Gjøa vart bygd og sjøsett i 1872 av nokre av landets fremste båtbyggjarar for seinare å vera den første skuta som sigla gjennom Nordvestpassasjen frå 1903-1906.  Gjøa er og blitt ein del av dei kanadiske inuittane si historie. Inuittane i den vesle landsbyen der Roald Amundsen ”landa” heilt nord i Canada i 1903, ga landsbyen namnet Gjoa Haven – Gjøa Havn.

Eit av mine beste barndomsminne er dei mange turane med mine foreldre til Kjeldestøl. Vil du oppleva korleis stølsdrifta var før i tida , tar eg deg gjerne med dit. Der byr budeiene på nylaga mjølkekaker, kaffi og saft og du kan gle deg over eit vakkert kulturlandskap og nyrestaurerte sel.

I Rosendal kan du nyta roen i naturen og opplevingar for alle. Difor er Rosendal mitt ferieparadis.

-Ingvard Havnen

Rosendal kai-min.jpg
Forrige
Forrige

Med Rosendal i hjartet

Neste
Neste

Ti gode grunner til å besøke Rosendal